Voldingene
Danceband
VOLDINGANE har gleda danseglade sunnmøringar og nordfjordingar sidan 1996, og er ei vidareutvikling av Dansebandet Midi som vart starta i 1993 av Frode og Fred. Med i VOLDINGANE er: · Odd Kåre Fløtre Vokal og Keyboard · Frode Bjørneset Keyboard og Koring · Fred Igland Gitar og Koring Alle tre er røynde musikarar i byrjinga av 30-åra og har drive med musikk på ein eller annan måte dei siste femten åra. VOLDINGANE spelar svært variert dansemusikk for eit vakse publikum (frå 25 og oppover) - alt i frå swing og pop til balladar og gamaldans står på reportoaret. Dei har spelt på mange forskjellige plassar dei siste åra og berre fått godord - frå unge så vel som eldre - både når det gjeld musikken og framføringa. Låtutvalet blir stadig fornya, og dei prøvar å plukke ut låtar (gamle som nye) som får publikum i godt humør samtidig som dei er flotte å danse til. Odd Kåre er i tillegg til å være ein dyktig vokalist også ein flink showmann, så her blir det stemning.
Tour Dates for Voldingene
- Show in list
- Hide Past events
Map Search
Your position
Venues


